Seniornett i Naustdal

Det blir oppstart av seniornett i Naustdal, hausten 2024. Vi startar opp onsdag 4. september og held på kvar onsdag til å med 2. oktober.

Velkommen til seniornett i Naustdal. Eit tilbod for seniorar som ynskjer å lære meir om korleis du kan bruke din laptop/nettbrett/smarttelefon, slik at du kan følge med på all informasjonen om aktivitetar som blir lagt ut på internett m.m. Oppstart blir onsdag 4. september og vil halde fram kvar onsdag til og med onsdag 2. oktober. Vi vil gå igjennom alt frå det grunnleggande og jobbe oss framover så langt vi kjem. Så her er alle velkomne uansett kor mykje ein kan frå før. Deltakarane vil være med på å forme kurset underveis etter behov og ønsker også. Men under ser du noko av det ein skal vere innom i løpet av kurset.
Det blir sjølvsagt lagt opp til ein kaffi-pause og prat i løpet av økta. Deltakarar må ha med eigen laptop/smarttelefon/nettbrett til kurset.

På seniornett vil du få opplæring i:
- Bruken av laptop/nettbrett/smarttelefon.
- Internett
- Nettbank og sikkerhet
- E-mail
- Friskus aktivitetskalender. (som sunnfjord kommune brukar for å dele informasjon om aktivitetar.)
- Korleis lage seg brukar på nødvendige sider.
- Lagring av bilder og dokument på laptop/smarttelefon/nettbrett.
- Sende bilder på sms/mail.
- Facetime / Facebook.

Seniornett i Naustdal kvar onsdag f.o.m:
4. september

11. september 

18. september 

25. september 

2. oktober 

2024 © Naustdal frivilligsentral