PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Andre tiltak

Strøsand til eldre:
Eldre kan hente sand ved kommunehuset kvardagar kl 08.00 - 15.30.
Dei som ynskjer å få sanden bringa heim til seg, eller treng hjelp til strøing, kan ta kontakt med Frivilligsentralen på tlf. 57816144, måndag - fredag 8.00 - 15.30.

Matombringing:
Bringing av varm middag til dei som treng det i heile kommunen. Kvar dag unnateke laurdag heile året. Eit samarbeid med Naustdal Kommune.

Servering ved minnesamvere:
Frivillige gjer førebuingar på kjøkkenet og serverer ved minnesamvere. Eit samarbeid med Naustdal Kyrkjelydshus.

Besøksteneste / Turvenn ved Naustdal Sjukeheim.
Frivillige går på besøk eller går tur med bebuarar på sjukeheimen etter avtale om kven som ynskjer besøk eller gå tur.

Følgjeteneste:
Frivillige følgjer til lege, sjukehus, tannlege o.l. ved behov.

Frivillige tilbyr følgje til dei på sjukeheimen som ynskjer å delta på andakt ved Naustdal Sjukeheim kvar onsdag ettermiddag kl 17.00-17.30.

Praktisk støtte til bebuar ved Gardsbøen som steikjer vaflar på kommunehuset kvar tysdag og torsdag. 

Arbeidstrening på Nillestova, eit samarbeid mellom NAV og Frivilligsentralen.