PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Helsefremjande eldre

Prosjekt Helsefremjande eldre er drifta av midlar frå Helsedirektoratet, og er eit samarbeid mellom Naustdal kommune, eldrerådet og pensjonistlaget i kommunen.

Bakgrunnen for prosjektet er eit ynskje om å komme i kontakt med den eldre delen av befolkninga før det er behov for behandling eller tenester frå kommunen – og på den måten utsetje eller unngå behov for tenester.

Det vil vi gjere gjennom å legge til rette for helsefremjande aktivitetar for heimebuande pensjonistar. Med «helsefremjande aktivitetar» meiner vi ikkje berre det å vere fysisk aktive, men det å gjere ting som kjennes bra for ein. Aktivitetar som fremjer meistring, gjev betre grunnlag for god helse, og fremjer trivsel og velvære.

I løpet av prosjektperioden har vi gjennomført spørjeundersøking og dialogmøter, der vi har fått innspel frå målgruppa om kva tilbod dei ynskjer.

Med dette som grunnlag er det starta opp trimgrupper i Dalen og Vevring, og vi har Aktivitetskafè på kyrkjelydshuset kvar torsdag. Her kan ein møtast for å vere sosial over ein kaffikopp, spele boccia, synge, trimme m.m.

Vi har og samla informasjon om aktivitetar for pensjonistar i eigen folder. Denne finn du bl.a. på kommunehuset.

Etter ynskje frå målgruppa satsar vi også på aktivitetar på tvers av generasjonane, der vi bl.a. samarbeider med barnehagane.

Prosjektleiar:

Oddlaug Wergeland Kvame er prosjektleiar i 2018, e-post: Oddlaug.Wergeland.Kvame@naustdal.kommune.no