PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Serviceskyss

 

  Serviceskyss i Naustdal 2017:

Serviceskyssen er som ei ordinære bussrute, for alle aldersgrupper i Naustdal.

For å nytte deg av serviceskyss-tilbodet, må du tinge plass hjå Naustdal Taxi på telefon 97747070, seinast kl. 20:00 dagen før ruta skal gå. Dette for at transportøren skal vite kvar han skal køyre, og kunne planlegge kor stor bil som må nyttast.
Ruta kostar ein fast pris på 25 kr kvar veg, utan omsyn til lengda på turen.

DET ER VIKTIG AT RUTENE BLIR BRUKT FOR Å FÅ BEHALDE DEI!

Faste ruter som går kvar veke til Naustdal sentrum:
Onsdagar:
 
Sentrumsområdet – Naustdal sentrum

Start Helgås kl 10.00- tar med passasjerar i byggjefeltet – Naustdal sentrum ca kl 10.30.
Retur frå Naustdal kl 12.30. Stopp Helgås ca kl 13.30.

Torsdagar:  Dalen – Naustdal Sentrum
Start Svoa kl 09.30 - Slettemark–Ullaland– Byrkjeflot–Åse–Naustdal sentrum ca kl 10.30. 
Retur frå Naustdal kl 12.30. Stopp Svoa ca kl 14.00.

Fredagar:  Fjorden – Naustdal sentrum
Start Horne kl 09.30–Vassbotnen–Helle-Naustdal sentrum ca kl 10.30.
Retur frå Naustdal sentrum kl 12.30.  Stopp Horne ca kl 14.00.

Serviceskyssen går ikkje på “Raude dagar

Hugs å tinge plass på telefon 97747070

seinast kl 20:00 dagen før ruta skal gå.

 

Har du spørsmål om skyssordninga kan du ringe det same nummeret, 97747070, eventuelt tilFrivilligsentralen tlf. 57816144, eller service-kontoret på kommunen, tlf. 57816100.