PC:
Hold Ctrl-tasten nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Mac:
Hold Cmd-tasten (Command) nede og trykk på + for å forstørre eller - for å forminske.

Ynskjer du besøk av ein frivillig?

Frivilligsentralen tilbyr hjelp til ulike gjeremål som du
vanlegvis greier sjølv, men som du på grunn av sjukdom, alder eller
funksjonshemming kan trenge hjelp til.
Arbeidet er gratis, mot at du betalar for nødvendige utgifter
(t.d. bensinutgifter).
Vi ringer tilbake om kven som kjem, slik at du ikkje får ”uventa” besøk.

Eksempler på oppgåver kan vere:

  • Turvenn
  • Besøksvenn
  • Køyring i diverse ærend
  • Følgje til sjukehus, lege, frisør, bank eller liknande.
  • Praktiske oppgåver som t.d. lett hagestell eller snømåking m.m.
  • Skriving av brev/kort
  • Råd / rettleiing
  • M.m.

Ta kontakt for meir informasjon.
 

Garanti

Sidan alle jobbar frivillig kan vi IKKJE garantere at alle får den hjelpa dei ber om. Men vi garanterar at vi skal gjere så godt vi kan. Hugs at dei frivillige er vanlege menneske som ikkje nødvendigvis har kompetanse på det dei skal hjelpe med.

Enkelte jobbar som utgjer ein fare for dei frivillige, må vi dessverre seie nei til. F.eks. å måtte klatre høgt opp under møner eller opp på tak og liknande.

Alt utstyr som skal brukast av den frivillige må brukaren sjølv skaffe.

Taushetsplikt

Alle dei frivillige er underlagt taushetsplikt.

Målgruppe

Målgruppa er alle innbyggjarar som ynskjer den hjelp som Frivilligsentralen kan tilby.