Jonsokfeiring på Sanden

Jonsokfeiring for alle som ynskjer på Sanden i Naustdal 23.juni frå kl 18.

Aldersgruppe: For alle

 

Jonsokfeiring på Sanden

                                                               23.juni frå kl 18.00



18.00: Varme grillar til fri disposisjon – Ta med grillmat/drikke, campingbord og stolar! 

Høve til å prøve hesteskokasting, stylter og quiz!

19.30: Musikkinnslag

20.00: Vi kveikjer jonsokbålet. 



Arr:      
Sentrumsnære Grendalag i samarbeid med Frivilligsentralen


Bilde jonsokfeiring

IMG_9590


Flere aktiviteter

Aktivitetskafè

Vi ynskjer å leggje til rette for sosialt samvær og aktivitet for deg som er pensjonist. Kafèen er open kvar torsdag kl 10-14, og det er muleg å vere med på aktivitetar for dei som ynskjer.

Barnas Turlag Naustdal

Barnas Turlag Naustdal er ei undergruppe av Barnas Turlag Indre Sunnfjord Turlag. For å vere med på tur er det berre å møte fram, det er inga påmelding. Har de spørsmål, ta kontakt med turleiar. Alle born skal ha følgje med vaksne. Ta med mat og drikke, og kanskje litt ekstra kle. Det er ikkje krav om å vere medlem av turlaget, men ein kan melde seg inn viss ein ynskjer til kontoret i Førde eller på internett. For meir info sjå Barnas Turlag Naustdal på Facebook eller www.istur.no

Måndagskafè

Open kafè kvar måndag kl 10.30 – 14.00 på Kyrkjelydshuset. Det er muleg å vere med på aktivitet for dei som ynskjer det.

Nillestova på Naustdal Sjukeheim

Sosialt samvere for alle som ynskjer kvar tysdag og torsdag kl 10.30-13.30 på Naustdal sjukeheim. Oppstart etter sommaren: 20.august.

Sanden-Søndag

Sanden-Søndag er eit årleg friluftsarrangement første søndag etter sommarferien kl 12.00 - ca.18.00 som går føre seg på det vakre Sanden-området i Naustdal. Aktivitetsdagen er for alle aldersgrupper • Sjø- og strandaktivitetar • Kulturelle innslag • Konkurransar • Matsal: Grillmat, brus, kaker, kaffi, m.m. • Fri inngang. Dei fleste aktivitetane er gratis. Sanden-Søndag vert arrangert av Frivilligsentralen i samarbeid med frivillige organisasjonar, og med tilskot frå næringslivet og Naustdal kommune.

2019 © Naustdal frivilligsentral