-
Aktivitetskafè
Open kafè kvar torsdag på kyrkjelydshuset kl 10.30-14.00.
NILLESTOVA
Nillestova er for bebuarar ved omsorgssenteret og heimebuande kvar tysdag og torsdag kl 10.30-12.30. Alle som ynskjer er velkomne!
Tilbodet held til i matsalen på Naustdal Omsorgssenter, er open kvar tysdag og torsdag kl 10.30-13.00, og byr på følgjande:
10.30: Kaffistund.
11.00: Programinnslag.
11.40/12.00: Trim.
12.30: Høve til å kjøpe lunsj.
Kostnad: Kaffistund kr 20,-, Lunsj kr 50,-, Bingo kr 20,-.
Torsdagar kan ein nytte Serviceskyssen til/frå Nillestova, hugs påmelding til Firda Billag tlf. 91896400 innan kl 15.30 dagen før. Pris kr 30,- kvar veg.
Høve til å kjøpe lunsj med heim for dei som reiser med serviceskyssen.
Neste NILLESTOVA
Dato | Kl. | Tittel | Sted |
---|---|---|---|
Tir 30.04 | 10:30 | Nillestova, Naustdal omsorgssenter | Naustdal omsorgssenter |
Tor 02.05 | 10:30 | Nillestova, Naustdal omsorgssenter | Naustdal omsorgssenter |
Tir 07.05 | 10:30 | Nillestova, Naustdal omsorgssenter | Naustdal omsorgssenter |
Tir 14.05 | 10:30 | Nillestova, Naustdal omsorgssenter | Naustdal omsorgssenter |
Tor 16.05 | 10:30 | Nillestova, Naustdal omsorgssenter | Naustdal omsorgssenter |
Del på:
-
Barnas Turlag Naustdal
Barnas Turlag Naustdal er ei undergruppe av Barnas Turlag Indre Sunnfjord Turlag. For å vere med på tur er det berre å møte fram, det er inga påmelding. Har de spørsmål, ta kontakt med turleiar. Alle born skal ha følgje med vaksne. Ta med mat og drikke, og kanskje litt ekstra kle. Det er ikkje krav om å vere medlem av turlaget, men ein kan melde seg inn viss ein ynskjer til kontoret i Førde eller på internett. For meir info sjå Barnas Turlag Naustdal på Facebook.
-
Fredagsdrøs på heimen
Siste fredag i mnd er det Fredagsdrøs på Naustdal Omsorgssenter kl 18.00-20.30.
-
Gratulerer med Kvinnedagen!
Naustdal Frivilligsentral feirar kvinnedagen på kyrkjelydshuset fredag 8. mars kl. 12:30-14:30. Anders som er ny dagleg leiar, spanderer GRATIS heimelaga ferske lappar m/tilbehør, kaffi og saft til alle de sterke, modige og fantastiske kvinner! Mannfolka er sjølvsagt også velkomne.
-
Grill`n Chill
Bli med på Grill`n Chill i vinterferien! Det blir mange kjekke aktivitetar både ute og inne, som du kan melde deg på no! Gratis!