Serviceskyssen i Naustdal

Serviceskyss er eit transporttilbod som er ope for alle og skal vere tilrettelagd for alle. Det er Firda Billag som køyrer Serviceskyssen i Naustdal.

Aldersgruppe: For alle

Målgruppe:
Personar som
•har reisebehov på dagtid til bygde-/kommunesenter
•manglar eit ordinært rutetilbod
•har vanskar med å kome seg til haldeplass

Ruter frå alle grender i Naustdal går torsdagar. Tid i sentrum er kl 10.30 - 12.30.
Du kan bruke Serviceskyssen til: butikk/post/bank, frisør, kafè på kyrkjelydshuset, lege, Tenestetorget til kommunen, besøk m.m.

Ruter til Naustdal sentrum, kvar torsdag :

Fimland – Naustdal sentrum

Rute frå Fimland, om lag kl. 09.30 

Retur frå Naustdalom lag kl. 12.30. 

Påmelding til Firda Billag tlf. 91896400 innan kl. 15.30 dagen før.


Horne/Vatne/Helgås – Naustdal sentrum

Rute frå Horne, om lag kl. 09.30 

Rute frå Helgås, om lag kl. 10.00

Retur frå Naustdalom lag kl. 12.30. 

Påmelding til fast sjåfør på ruta, Arvid Andal, tlf. 91604007 innan kl.15.30 dagen før.


Dersom de ikkje får tak i fast sjåfør, kan de tinge skyssen direkte på Firda Billag sin serviceskyss-tlf: 91896400 innan kl 15.30.


   

2024 © Naustdal frivilligsentral