-
BUA Sunnfjord
På BUA Sunnfjord kan du låne gratis sport- og friluftsutstyr!
Matombringing
God mat er grunnleggande for god helse og livskvalitet heile livet. Som frivillig matkøyrar bidreg du til at heimebuande eldre får levert variert og næringsrik mat heim.Som frivillig matkøyrar hentar du middagen på Naustdal omsorgssenter kl. 14:30 og køyrer den ut til dei som skal ha. På søndagar og raude dagar hentar ein middagen kl. 12:00. Du får bruke kommunale tenestebilar, men dersom du ynskjer å køyre eigen bil ordnar vi det.
Er dette noko du kunne tenkte deg å hjelpe til med, eller du meir nysgjerrig, ta kontakt med Naustdal frivilligesentral på telefon eller e-post.
Vi har alltid behov for nye frivillige!
Del på:
-
Fest for frivillige!
Frivillige gjer ein stor innsats i kommunen vår på ulikt vis. Vi inviterer deg difor til ein uformell festkveld for å syne takksemd for den jobben du gjer!
-
Fredagsdrøs
Siste fredag i mnd er det Fredagsdrøs på Naustdal Omsorgssenter kl 18.00-20.30.
-
Grill`n chill
Grill`n chill er ei arbeidsgruppe som jobbar med å arrangere kjekke aktivitetar og møteplassar for ungdommar i alderen 13-19 år i heile kommunen.
-
Kjekke karar
Dagtilbod for menn som bur heime og på Naustdal omsorgssenter annakvar torsdag kl 10.30-13.30.