Barnas Turlag Naustdal Barnas Turlag Naustdal er ei undergruppe av Barnas Turlag Indre Sunnfjord Turlag. For å vere med på tur er det berre å møte fram, det er inga påmelding. Har de spørsmål, ta kontakt med turleiar. Alle born skal ha følgje med vaksne. Ta med mat og drikke, og kanskje litt ekstra kle. Det er ikkje krav om å vere medlem av turlaget, men ein kan melde seg inn viss ein ynskjer til kontoret i Førde eller på internett. For meir info sjå Barnas Turlag Naustdal på Facebook.
Fredagsdrøs på heimen Siste fredag i mnd er det Fredagsdrøs på Naustdal Omsorgssenter kl 18.00-20.30.
Gratulerer med Kvinnedagen! Naustdal Frivilligsentral feirar kvinnedagen på kyrkjelydshuset fredag 8. mars kl. 12:30-14:30. Anders som er ny dagleg leiar, spanderer GRATIS heimelaga ferske lappar m/tilbehør, kaffi og saft til alle de sterke, modige og fantastiske kvinner! Mannfolka er sjølvsagt også velkomne.
Grill`n Chill Bli med på Grill`n Chill i vinterferien! Det blir mange kjekke aktivitetar både ute og inne, som du kan melde deg på no! Gratis!
Kjekke karar! Dagtilbod for menn som bur heime og på Naustdal omsorgssenter annakvar torsdag kl 10.30-13.30.
NILLESTOVA Nillestova er for bebuarar ved omsorgssenteret og heimebuande kvar tysdag og torsdag kl 10.30-12.30. Alle som ynskjer er velkomne!
Rusle/Trim gruppa - Våren & Sommaren 2024. Bli med på Rusleturar kvar tysdag med oppstart 16. april fram til sommaren! Her blir det lette turar og meir utfordrande turar i nærområdet og andre plassar i Sunnfjord kommune.
Sanden-Søndag 25. august 2024 Sanden-Søndag er eit årleg friluftsarrangement første søndag etter sommarferien kl 12.00 - ca.18.00 som går føre seg på det vakre Sanden-området i Naustdal. Aktivitetsdagen er for alle aldersgrupper. Sanden-Søndag vert arrangert av Frivilligsentralen i samarbeid med frivillige organisasjonar i Naustdal, og med tilskot frå lokalt næringsliv, Sunnfjord kommune og andre bidragsytarar.
Seniornett i Naustdal Det blir oppstart av seniornett i Naustdal, hausten 2024. Vi startar opp onsdag 4. september og held på kvar onsdag til å med 2. oktober.
Serviceskyssen i Naustdal Serviceskyss er eit transporttilbod som er ope for alle og skal vere tilrettelagd for alle. Det er Firda Billag som køyrer Serviceskyssen i Naustdal.