Velkommen til oss
Vil du bruke litt av di tid saman med andre? Vil du treffe nye menneskjer? Vil du vere med å sette dine og andre sine idéar ut i livet? Frivilligsentralen er ein møteplass som bidrar til kontakt mellom menneskjer i lokalmiljøet - nokon treng hjelp og andre ynskjer å hjelpe. Frivilligsentralen er ein plass der gleda over å bruke deg sjølv og at du ser andre glede seg over at du ser dei, er den betalinga du får. Det er kun fantasien som set grenser for kva du kan gjere som frivillig.
Bli frivillig!
På Naustdal frivilligsentral driv vi med forskjellige aktivitetar. Aktivitetane er i stor grad avhengige av at det er nok frivillige til stades. Vi ynskjer å vere med å bidra til kjekk aktivitet for barn, ungdom, vaksne. Tek du kontakt med oss, kan vi saman finne ut korleis du kan hjelpe til som frivillig. Det er viktig for oss at du trives med det du gjer som frivillig, uansett kva interesser du har.
Aktiviteter
Her finn du informasjon om kva aktivitetar og tilbod vi er ein del av
Open kafè kvar torsdag på kyrkjelydshuset kl 10.30-14.00.
Les merBarnas Turlag Naustdal er ei undergruppe av Barnas Turlag Indre Sunnfjord Turlag. For å vere med på tur er det berre å møte fram, det er inga påmelding. Har de spørsmål, ta kontakt med turleiar. Alle born skal ha følgje med vaksne. Ta med mat og drikke, og kanskje litt ekstra kle. Det er ikkje krav om å vere medlem av turlaget, men ein kan melde seg inn viss ein ynskjer til kontoret i Førde eller på internett. For meir info sjå Barnas Turlag Naustdal på Facebook.
Les merSiste fredag i mnd er det Fredagsdrøs på Naustdal Omsorgssenter kl 18.00-20.30.
Les merNaustdal Frivilligsentral feirar kvinnedagen på kyrkjelydshuset fredag 8. mars kl. 12:30-14:30. Anders som er ny dagleg leiar, spanderer GRATIS heimelaga ferske lappar m/tilbehør, kaffi og saft til alle de sterke, modige og fantastiske kvinner! Mannfolka er sjølvsagt også velkomne.
Les merBli med på Grill`n Chill i vinterferien! Det blir mange kjekke aktivitetar både ute og inne, som du kan melde deg på no! Gratis!
Les merJonsokfeiring for alle som ynskjer på Sanden i Naustdal 23.juni frå kl 18.
Les merDagtilbod for menn som bur heime og på Naustdal omsorgssenter annakvar torsdag kl 10.30-13.30.
Les merNillestova er for bebuarar ved omsorgssenteret og heimebuande kvar tysdag og torsdag kl 10.30-12.30. Alle som ynskjer er velkomne!
Les merSanden-Søndag er eit årleg friluftsarrangement første søndag etter sommarferien kl 12.00 - ca.18.00 som går føre seg på det vakre Sanden-området i Naustdal. Aktivitetsdagen er for alle aldersgrupper. Sanden-Søndag vert arrangert av Frivilligsentralen i samarbeid med frivillige organisasjonar i Naustdal, og med tilskot frå lokalt næringsliv, Sunnfjord kommune og andre bidragsytarar.
Les merServiceskyss er eit transporttilbod som er ope for alle og skal vere tilrettelagd for alle. Det er Firda Billag som køyrer Serviceskyssen i Naustdal.
Les merKva skjer
Dato | Kl. | Tittel | Sted |
---|---|---|---|
Tir 02.04 | 10:30 | Nillestova, Naustdal omsorgssenter | Naustdal omsorgssenter |
Tor 04.04 | 10:30 | Aktivitetskafe på kyrkjelydshuset | Naustdal kyrkjelydshus |
Tor 04.04 | 10:30 | Nillestova, Naustdal omsorgssenter | Naustdal omsorgssenter |
Tir 09.04 | 10:30 | Nillestova, Naustdal omsorgssenter | Naustdal omsorgssenter |
Tor 11.04 | 10:30 | Aktivitetskafe på kyrkjelydshuset | Naustdal kyrkjelydshus |
Nyheter
Om oss
Naustdal frivilligsentral starta opp i år 2000. Vi held til i gamlebanken i Naustdal sentrum. Ta kontakt på tlf.: 90744075 om det er noko vi kan gjere for deg og kva du kan gjere for andre.
Nyttige lenker
Kontakt
Tunavegen 6
6817 Naustdal