-
Barnas Turlag Naustdal
Barnas Turlag Naustdal er ei undergruppe av Barnas Turlag Indre Sunnfjord Turlag. For å vere med på tur er det berre å møte fram, det er inga påmelding. Har de spørsmål, ta kontakt med turleiar. Alle born skal ha følgje med vaksne. Ta med mat og drikke, og kanskje litt ekstra kle. Det er ikkje krav om å vere medlem av turlaget, men ein kan melde seg inn viss ein ynskjer til kontoret i Førde eller på internett. For meir info sjå Barnas Turlag Naustdal på Facebook.
Aktivitetskafè
Open kafè kvar torsdag på kyrkjelydshuset kl 10.30-14.00.Aldersgruppe: For alle
Kafèen er open kl 10.30 – 14.00, sal av kaffi /te, smørbrød, vaflar, lefse og tebrød i kafèen.
Serviceskyss kan nyttast, påmelding innan kl. 15.30 dagen før.
Det er muleg å vere med på aktivitet for dei som ynskjer det: kl. 12.00: Songgruppe – syng med den stemma du har!
Neste Aktivitetskafè
Dato | Kl. | Tittel | Sted |
---|---|---|---|
Tor 02.05 | 10:30 | Aktivitetskafe på kyrkjelydshuset | Naustdal kyrkjelydshus |
Tor 16.05 | 10:30 | Aktivitetskafe på kyrkjelydshuset | Naustdal kyrkjelydshus |
Tor 23.05 | 10:30 | Aktivitetskafe på kyrkjelydshuset | Naustdal kyrkjelydshus |
Tor 30.05 | 10:30 | Aktivitetskafe på kyrkjelydshuset | Naustdal kyrkjelydshus |
Tor 06.06 | 10:30 | Aktivitetskafe på kyrkjelydshuset | Naustdal kyrkjelydshus |
Del på:
-
Fredagsdrøs på heimen
Siste fredag i mnd er det Fredagsdrøs på Naustdal Omsorgssenter kl 18.00-20.30.
-
Gratulerer med Kvinnedagen!
Naustdal Frivilligsentral feirar kvinnedagen på kyrkjelydshuset fredag 8. mars kl. 12:30-14:30. Anders som er ny dagleg leiar, spanderer GRATIS heimelaga ferske lappar m/tilbehør, kaffi og saft til alle de sterke, modige og fantastiske kvinner! Mannfolka er sjølvsagt også velkomne.
-
Grill`n Chill
Bli med på Grill`n Chill i vinterferien! Det blir mange kjekke aktivitetar både ute og inne, som du kan melde deg på no! Gratis!
-
Jonsokfeiring på Sanden
Jonsokfeiring for alle som ynskjer på Sanden i Naustdal 23.juni frå kl 18.