-
Aktivitetskafè
Open kafè kvar torsdag på kyrkjelydshuset kl 10.30-14.00.
Serviceskyssen i Naustdal
Serviceskyss er eit transporttilbod som er ope for alle og skal vere tilrettelagd for alle. Det er Firda Billag som køyrer Serviceskyssen i Naustdal.Aldersgruppe: For alle
Målgruppe:
Personar som
•har reisebehov på dagtid til bygde-/kommunesenter
•manglar eit ordinært rutetilbod
•har vanskar med å kome seg til haldeplass
Ruter frå alle grender i Naustdal går torsdagar. Tid i sentrum er kl 10.30 - 12.30.
Du kan bruke Serviceskyssen til: butikk/post/bank, frisør, kafè på kyrkjelydshuset, lege, Tenestetorget til kommunen, besøk m.m.
Ruter til Naustdal sentrum, kvar torsdag :
Fimland – Naustdal sentrum
Rute frå Fimland, om lag kl. 09.30
Retur frå Naustdal, om lag kl. 12.30.
Påmelding til Firda Billag tlf. 91896400 innan kl. 15.30 dagen før.
Horne/Vatne/Helgås – Naustdal sentrum
Rute frå Horne, om lag kl. 09.30
Rute frå Helgås, om lag kl. 10.00
Retur frå Naustdal, om lag kl. 12.30.
Påmelding til fast sjåfør på ruta, Arvid Andal, tlf. 91604007 innan kl.15.30 dagen før.
Dersom de ikkje får tak i fast sjåfør, kan de tinge skyssen direkte på Firda Billag sin serviceskyss-tlf: 91896400 innan kl 15.30.
Del på:
-
Barnas Turlag Naustdal
Barnas Turlag Naustdal er ei undergruppe av Barnas Turlag Indre Sunnfjord Turlag. For å vere med på tur er det berre å møte fram, det er inga påmelding. Har de spørsmål, ta kontakt med turleiar. Alle born skal ha følgje med vaksne. Ta med mat og drikke, og kanskje litt ekstra kle. Det er ikkje krav om å vere medlem av turlaget, men ein kan melde seg inn viss ein ynskjer til kontoret i Førde eller på internett. For meir info sjå Barnas Turlag Naustdal på Facebook.
-
Fredagsdrøs på heimen
Siste fredag i mnd er det Fredagsdrøs på Naustdal Omsorgssenter kl 18.00-20.30.
-
Gratulerer med Kvinnedagen!
Naustdal Frivilligsentral feirar kvinnedagen på kyrkjelydshuset fredag 8. mars kl. 12:30-14:30. Anders som er ny dagleg leiar, spanderer GRATIS heimelaga ferske lappar m/tilbehør, kaffi og saft til alle de sterke, modige og fantastiske kvinner! Mannfolka er sjølvsagt også velkomne.
-
Grill`n Chill
Bli med på Grill`n Chill i vinterferien! Det blir mange kjekke aktivitetar både ute og inne, som du kan melde deg på no! Gratis!