Bli frivillig!

Kven kan vere frivillig?

Du som vil bruke fritida di til å hjelpe andre.
Du som har blitt pensjonist og synest dagane er litt lange.
Du som er ung og vil auke din livserfaring gjennom kontakt med andre menneske.
Du som er arbeidssøkjar og ynskjer å gjere noe positivt i ei vanskelig jobbsøkingstid.
Du som ynskjer å vere medmenneske.

Eksempel på oppgåver kan vere: Telefonkontakt, turvenn, besøksvenn, butikkvenn, kinovenn.
Praktiske oppgåver som: Snømåking, hagestell, handling eller liknande. Halde kurs, starte ei sjølvhjelpsgruppe. Rådgivingsteneste – har du eit yrke eller ein hobby som kan vere nyttig for andre? Leksehjelp, reservebesteforeldre / barnevakt og mykje, mykje meir.

Kva blir forventa av deg?

Kor mykje tid du vil bruke og hva du ynskjer å bidra med bestemmer du sjølv.
Du inngår ingen langsiktig avtale – synes du dette er givande, fortsetter du.

Vil du melde deg som frivillig, eller kanskje du vil vite litt meir?
Kontakt oss uansett! Kom gjerne inn til ein uforpliktende samtale.

Eg ynskjer å starte noko nytt

Går du med ein tanke om å starte noko nytt eller du ser eit behov. Vi hjelper deg i gang. Er det noko som allereie eksisterar vidareformidlar vi dette.

Fyll ut skjemaet nedanfor, så tar vi kontakt.

Send


2024 © Naustdal frivilligsentral