"Kjekke karar" er eit dagtilbod for heimebuande og bebuarar ved omsorgssenteret, annakvar torsdag i oddetalsveker.
Tilbodet held til inne på Nillestova, og består av:
- 10.30: Føremiddagskaffi
- 11.00: Aktivitet - tema å prate om/ ord og uttrykk/ kortspel/ brettspel/ mm.
- 12.00: Trim i matsalen. 12.30: Høve til å kjøpe lunsj.
Skyss: Serviceskyssen kan nyttast, påmelding til Firda Billag, tlf 91896400 innan kl. 15.30 dagen før.
Frivillige på tilbodet er: Leiv Sølvberg, Jostein Sollid, Arne Rygg og Egil Holme.