Fredag 27 September
Kl. 18:00 - 20:30, Naustdal omsorgssenter
Fredagsdrøs på heimen!
Fredagsdrøs på Naustdal Omsorgssenter, siste fredag i mnd kl. 18.00-20.30.

Frivillige lagar til eit kjekt treffpunkt for bebuarane, pårørande som kjem på besøk og andre som ønsker å ta seg ein tur. Det er ei uhøgtideleg stund med prat, av og til vert det musikk og dans. Dei som ønsker det kan få ta seg eit glas vin eller liknande. 

Heimebuande eldre som sit åleine og ønsker å vere ilag med andre er velkomne til å nyttegjere seg av dette flotte tilbodet. 

Inngangsbillett kr. 50,-. For bebuarane er det gratis.

Kvar enkelt ordnar seg med skyss, men dersom du har problem med transport kan du ta kontakt med Frivilligsentralen på: 907 44 075.

Fleire datoar for Fredagsdrøs hausten 2024 (kl 18.00): 

Fredag, 30 aug. 2024, 18:00 - 20:30

Fredag., 27 sep. 2024, 18:00 - 20:30

Fredag., 25 okt. 2024, 18:00 - 20:30

Fredag., 29 nov. 2024, 18:00 - 20:30

Fredag., 20 des. 2024, 18:00 - 20:30

2024 © Naustdal frivilligsentral