Torsdag 25 April
Kl. 10:30 - 13:30, Naustdal omsorgssenter
Kjekke karar!
Dagtilbod for menn som bur heime og på Naustdal omsorgssenter annakvar torsdag kl 10.30-13.30.

"Kjekke karar" er eit dagtilbod for heimebuande og bebuarar ved omsorgssenteret, annakvar torsdag i oddetalsveker.

Tilbodet held til inne på Nillestova, og består av:
- 10.30: Føremiddagskaffi
- 11.00: Aktivitet -  tema å prate om/ ord og uttrykk/ kortspel/ brettspel/ mm.
- 12.00: Trim i matsalen. 12.30: Høve til å kjøpe lunsj.

Skyss: Serviceskyssen kan nyttast, påmelding til Firda Billag, tlf 91896400 innan kl. 15.30 dagen før.

Frivillige på tilbodet er: Leiv Sølvberg, Jostein Sollid, Arne Rygg og Egil Holme. 

2024 © Naustdal frivilligsentral