Fredagsdrøs på heimen

Siste fredag i mnd er det Fredagsdrøs på Naustdal Omsorgssenter kl 18.00-20.30.

Fredagsdrøs på Naustdal Omsorgssenter, siste fredag i mnd kl 18.00-20.30.

Frivillige lagar til eit kjekt treffpunkt for bebuarane, pårørande som kjem på besøk og andre som ønsker å ta seg ein tur. Det er ei uhøgtideleg stund med prat, av og til vert det musikk og dans. Dei som ønsker det kan få ta seg eit glas vin eller liknande. 

Heimebuande eldre som sit åleine og ønsker å vere ilag med andre er velkomne til å nyttegjere seg av dette flotte tilbodet. 

Inngangsbillett kr. 50,-. For bebuarane er det gratis.

Kvar enkelt ordnar seg med skyss, men dersom du har problem med transport kan du ta kontakt med Frivilligsentralen på: 907 44 075.


Fleire datoar for Fredagsdrøs våren 2024 (kl. 18.00): 

26. januar

23. februar

22. mars

26. april

31. mai

28. juni


Neste Fredagsdrøs på heimen

Dato Kl. Tittel Sted
Fre 31.05 18:00 Fredagsdrøs på heimen! Naustdal omsorgssenter
Fre 28.06 18:00 Fredagsdrøs på heimen! Naustdal omsorgssenter
2024 © Naustdal frivilligsentral