-
Aktivitetskafè
Open kafè kvar torsdag på kyrkjelydshuset kl 10.30-14.00.
Rusle/Trim gruppa - Våren & Sommaren 2024.
Bli med på Rusleturar kvar tysdag med oppstart 16. april fram til sommaren! Her blir det lette turar og meir utfordrande turar i nærområdet og andre plassar i Sunnfjord kommune.Frammøte er ved kommunehuset i Naustdal tysdagar kl. 18:00 for samkøyring. Dei som får skyss med andre betalar kr. 30,- pr. tur. For lengre turar til Førde/Florø betaler ein 50 kr,- til sjåfør.
Har du spørsmål, ring Bjørg Meek på tlf: 99 10 22 76. Eller Toril K. Holsen på tlf: 95494322.
Rusleturar sommaren 2024
Tysdagar kl. 18:00.
(NB! planen må takast med forbehold om at endringar kan skje!)
16. april: Frå Mallasvika til Kringla. (Vi parkerer ovanfor Kolbjørn Mallasvik)
23. april: Naustdalslia til Naustdalsstølane frå sentrum. (Gå eller køyr)
30. april: Tursti i Eikefjord. (Lett tur)
7. mai: Klettekrysset – Utsikten. (Lett tur)
14. mai: Hosrtad skule – Lunden – Solheim. (Lett tur)
21. mai: Movika – Huldefossen. (Vi parkerar ved museet)
28. mai: Hellekrysset – Einevoll. (Vi parkerar ved riksvegen)
4. juni: Nesgrenda rundt frå grustaket. /Lett tur)
11. juni: Kleiva stølen – Herstadstølen.
18. juni Stehoggestølen frå Åsedalen.
25. juni Bekkjavatnet. Vi går grusvegen inn. (Vi parkerar ved Langeland.)
2. juli: Helle. (Vi parkerar ved Vatnelia)
9. Juli. Horstad stølen.
Del på:
-
Barnas Turlag Naustdal
Barnas Turlag Naustdal er ei undergruppe av Barnas Turlag Indre Sunnfjord Turlag. For å vere med på tur er det berre å møte fram, det er inga påmelding. Har de spørsmål, ta kontakt med turleiar. Alle born skal ha følgje med vaksne. Ta med mat og drikke, og kanskje litt ekstra kle. Det er ikkje krav om å vere medlem av turlaget, men ein kan melde seg inn viss ein ynskjer til kontoret i Førde eller på internett. For meir info sjå Barnas Turlag Naustdal på Facebook.
-
Fredagsdrøs på heimen
Siste fredag i mnd er det Fredagsdrøs på Naustdal Omsorgssenter kl 18.00-20.30.
-
Gratulerer med Kvinnedagen!
Naustdal Frivilligsentral feirar kvinnedagen på kyrkjelydshuset fredag 8. mars kl. 12:30-14:30. Anders som er ny dagleg leiar, spanderer GRATIS heimelaga ferske lappar m/tilbehør, kaffi og saft til alle de sterke, modige og fantastiske kvinner! Mannfolka er sjølvsagt også velkomne.
-
Grill`n Chill
Bli med på Grill`n Chill i vinterferien! Det blir mange kjekke aktivitetar både ute og inne, som du kan melde deg på no! Gratis!