-
Aktivitetskafè
Open kafè kvar torsdag på kyrkjelydshuset kl 10.30-14.00.
Sanden-Søndag 25. august 2024
Sanden-Søndag er eit årleg friluftsarrangement første søndag etter sommarferien kl 12.00 - ca.18.00 som går føre seg på det vakre Sanden-området i Naustdal. Aktivitetsdagen er for alle aldersgrupper. Sanden-Søndag vert arrangert av Frivilligsentralen i samarbeid med frivillige organisasjonar i Naustdal, og med tilskot frå lokalt næringsliv, Sunnfjord kommune og andre bidragsytarar.Sanden-Søndag er eit årleg friluftsarrangement første søndag etter sommarferien kl 12.00 - ca.18.00 som går føre seg på det vakre Sanden-området i Naustdal. Aktivitetsdagen er for alle aldersgrupper
• Sjø- og strandaktivitetar
• Kulturelle innslag
• Konkurransar
• Matsal: Grillmat, brus, kaker, kaffi, m.m.
• Fri inngang. Dei fleste aktivitetane er gratis.
Sanden-Søndag vert arrangert av Frivilligsentralen i samarbeid med frivillige organisasjonar i Naustdal, og med tilskot frå lokalt næringsliv, Sunnfjord kommune og andre bidragsytarar.
Sanden-Søndag søndag 25.august 2024:
Program for Sanden-Søndag 2024 kjem i løpet av våren.
Ei liste over tidelegare program/aktivitetar ved Sanden-Søndag:
• Gråtass m/ hengar
• Klatring i klatrevegg, for born ca. 6-14 år
• Turar med Elias-båten v/Redningsselskapet
• Brannbil-demo og turar i brannbil v/Sunnfjord Brannvern
• Kanopadling, prøveturar v/ Naustdal Speidargruppe
• Ansikts-maling, smoothie-sykkel, sal av 4H-lodd v/Nausta 4H
• Fotballaktivitet v/ Tambarskjelvar IL, Fotballgruppa
• Orienteringsløp v/ Tambarskjelvar IL, Barneidretten
• Riding for born v/ Naustdal Køyre- og Rideklubb
• Køyring med hest og kjerre v/ Naustdal Køyre- og Rideklubb
• Open Gard - tema sau og ull, traktor, få bøker "den grøne skulen" v/ Naustdal Bondelag
• Skyting med luftgevær, fisking, og stand v/ Naustdal Jakt- og fiskelag
• Fletting og farging av hår (med spray). Sal av vårrullar og is ved fint ver v/Russegruppe
• Pilkasting på ballongar og andre aktivitetar m/premiering v/Russegruppe
• Hoppeslott, elektriske bilar, sukkerspinn og popkorn v/Galehuset
• Utstilling av veteranbilar v/ Sunnfjord Veteranvogn klubb
• Stand m/ bilde av Naustdals-fossen bro v/ Naustdal Sogelag
• Stand med div. materiell. Boksal. Ordleik.v/ Naustdal Mållag
• Stand og sanitetsvakt v/ Naustdal Røde Kors Hjelpekorps
• Stand v/ ADHD Norge, Ytre og Indre Sunnfjord lokallag
• Stand v/Naustdal Pensjonistlag
Sal av mat
Midtredalen Bygdekvinnelag ………………Grillmat, hellekaker, kaffi, brus, vatn.
Naustdal- og Horstad Bygdekvinnelag …… Kaffi, kaffimat, saft.
Salsboder og sal frå standar
• Terje Andal: Naturfotografi, råd og tips ved fotografering
• Reni-Catrin Grytten: Betongfigurar
• Naustdal Sogelag: Bygdebøker, sogeskrift, t-skjorter mm
• Naustdal Mållag: Bøker
• Russegruppe: Vår-rullar å ta med heim. Is ved fint ver.'
• Russegruppe: Sal av brukte kle.
• Galehuset: Sukkerspinn & popcorn
• Med fleire
Del på:
-
Barnas Turlag Naustdal
Barnas Turlag Naustdal er ei undergruppe av Barnas Turlag Indre Sunnfjord Turlag. For å vere med på tur er det berre å møte fram, det er inga påmelding. Har de spørsmål, ta kontakt med turleiar. Alle born skal ha følgje med vaksne. Ta med mat og drikke, og kanskje litt ekstra kle. Det er ikkje krav om å vere medlem av turlaget, men ein kan melde seg inn viss ein ynskjer til kontoret i Førde eller på internett. For meir info sjå Barnas Turlag Naustdal på Facebook.
-
Fredagsdrøs på heimen
Siste fredag i mnd er det Fredagsdrøs på Naustdal Omsorgssenter kl 18.00-20.30.
-
Gratulerer med Kvinnedagen!
Naustdal Frivilligsentral feirar kvinnedagen på kyrkjelydshuset fredag 8. mars kl. 12:30-14:30. Anders som er ny dagleg leiar, spanderer GRATIS heimelaga ferske lappar m/tilbehør, kaffi og saft til alle de sterke, modige og fantastiske kvinner! Mannfolka er sjølvsagt også velkomne.
-
Grill`n Chill
Bli med på Grill`n Chill i vinterferien! Det blir mange kjekke aktivitetar både ute og inne, som du kan melde deg på no! Gratis!